Cruznova A blessed love

Dette er hannhunden. 

Louis, faren til kullet. 

Valper født 12.07.2021

Natt til 12 juli ble det født to valper, fødselen gikk kjempefint og Novalee gikk med engang inn i morsrollen sin. 

Det ble født 1 tispe og 1 hannhund. 

Nå er valpene straks 5 uker gamle og alt går veldig fint. Dem vokser opp som trygge og nysgjerrige valper. Jeg er så heldig å samarbeider med Perly Berge hvor dette kullet bor nå. Valpene er solgt. 


Dette er tispen. 

Vi har veldig stor tro på denne kombinasjonen og gleder oss veldig til å følge dem. 

Jeg legger ved litt info om hannhunden vi har brukt som er: Dewberrys's Dual Blessed Louis Paytan, en flott hannhund som bor i Tyskland. 

Presentasjon av Louis
Louis er ein glad, vennleg og cool gentleman. Han er open og tilgjengeleg når han helsar på folk og går utmerka sama med framande hundar, både tispar og hannar.

Louis er ein flink hund med arbeidslyst. Louis og Karin har vore mest aktive med agility. Louis deltek på praktisk jakt. For å kunne delta på jakt i Tyskland, må hunden bevise at den er dyktig nok gjennom å bestå ein prøve - Brauchbarkeitsbescheiningung. Prøven består av mange moment; bl.a slepespor av kanin og and med apportering og avlevering, skuddfastheit under skog/felt- og vatnarbeid, søksarbeid i skog med avlevering, vatnarbeid med avlevering, blodspor (400 m), lineføring og allmenn oppførsel på linje. På ein av prøvene var det også 3 levande ender der det var meininga at Louis skulle støkke og drive desse på vatn for påskyting, apportering og avlevering. Louis tok ein eigen variant med å apportere 2 av desse levande til Katrin. Denne delen av prøven får kvar ekvipasje berre gjere 1 gong. Når Louis gjekk ny prøve for godkjenning i nytt distrikt, var denne utan levande vilt. Dette var ein jaktkvalifiseringsprøve i regi labradorklubben, ein prøve Louis vant med 305 av 310 moglege poeng . Louis er heilt spontan på alt vilt og har også apportert ål frå kanalen i Kiel.

Louis har løyve/sertifikat til å jakte i tre ulike distrikt. Louis har i tillegg bestått grunnleggande lydigheitsprøve med bl.a. lineføring, fri ved fot, sitt og bli, (felles)dekk - Begleithundeprüfung (BHP/R), og fleire andre ulike typar prøvar.


Louis er ein frisk hund som har vorte heile 12 år og 7 mnd - født 22.11.2008. Han vart godkjent for avl i 2012, og vart i den samanhengen eksteriørbeskreven med resultatet utmerka:

Großer Rüde mit sehr typischem und maskulinem Kopf, gutes Pigment, gute Augenfarbe, sehr gut getragener Behang, vorzügliche Anatomie, korrekt in allen Teilen, bewegt sich vorzüglich).

Han er verkeleg ein staseleg hannhund og er både tysk junior- og utstillingschampion i den tyske kennelklubben og retrieverklubben. Louis vart Europajuniorvinnar i 2010.

Louis har 6 kull frå tidelegare. Det første kullet er født i 2012 og det siste kullet er født i Norge i april 2021.

Louis er sjølvsikker og avbalansert i forhold til andre hundar, arbeidsoppgåver og gjennomførar det han har bestemt seg for.